På nynorsk, grunnet at oppgaven skulle leveres på sidemål. Enjoy!
Betre død enn homofil?

Forfattaren av boka Betre død enn homofil, som vart utgitt i 2009, er Arnfinn Nordbø. Han er født (1. Juli 1983) og oppvaksen på Randaberg, Stavanger med ein stor og svært kristeleg familie. Boka som er på heile 200 sider har forlaget Samlaget gitt ut, og Arnfinn Nordbø har sjølv valt å setja boka i sjangeren biografi. Boka er ein biografi om ein konservativ kristeleg gut som kjem ut av skåpet som homofil.
Boka er svært faglitterær, der forfattaren viser at han har veldig god kunnskap om det han skriv om, som i dette tilfelle er kristendommen. Han deler ei sørgjeleg historie om si legning i forhold til trua. Han opnar seg om stort sett alt når det gjeld både familie, vener, miljøet sitt og sin homofile seksualitet.
Arnfinn hadde ein god oppvekst, med omsorgsfulle og disiplinerte foreldre, gode brør som forbilde og bedehuset som sin andre heim. Han song mykje med den eine bror sin, gav ut heile 3 plater og var ein veldig kjent gut i heile Rogaland som levde opp til alle sine ønskje og forventningar. Det var 18 fantastiske år som konservativ kristen, ein god og skoleflink elev, ein praktfull son og eit forbilde for alle yngre kristne, heilt til han sto fram i eit intervju i Stavanger Aftenblad (mai 2008) som homofil.
Sjølve oppbygginga av handlinga skjer på Randaberg. Det er der me vert kjent med Arnfinn og familien hans, men det er når han flyttar til Oslo at han tør å gjere noko med problemet han har levd med sidan han var liten. I Oslo på ein hybel vert Arnfinn trygg på legninga si, han får tilgiving og forståing av Gud og sjølvtillit nok til å fortelje sin familie først og fremst, at han er homo og likar andre menn.
Boka er skrive i to delar, begge delane ut i frå rein fakta. Fakta Arnfinn kan leve lenge på og argument som gjer at problemet hans som homofil i eit konservativ kristeleg bedehusmiljø, vert litt lettare. Første del vert vi kjent med han som person, korleis han tenker, føler, blir behandla som, hobbyar og møta i bedehusa, alt han må gjennom då han fortel verda at han er homofil. Han gjer greie på alt alle sa til han, alle dei fæle orda dei brukte for å beskrive hans synd, alle som prøvde å vende han om og foreldra som sa at dei heller ville hatt han død, kjærasten hans er òg eit viktig tema i denne delen. I andre del får alle desse som har gjort vondt mot Arnfinn, eit tilbakeslag. Der han finn grundig og korrekt fakta på kvifor han ikkje er ein syndar og korleis han ikkje kan velja å vera homofil.
Vi får vite lite om korleis dei forskjellige personane i boka er og korleis personligdomen deira er, det gjer ingenting, dersom det ikkje er eit viktig poeng i historia. Vi får vite korleis dei næraste reagerer på problemet hans, korleis dei handterar det og kvifor dei gjer som dei gjer. Gjennom boka lengta eg aldri etter å vite meir om dei forskjellige personane heller, eg ville berre vite om dei støtta han til slutt eller ikkje.
Handlinga vert forteld frå eg-person. Det er Arnfinn som fortel si personlege historie og det gjer ganske mykje med boka. Eg følar eg får ei viss medkjensle, forståing og eit betre forhold til sjølve hovudpersonen, Arnfinn Nordbø. Han fortel direkte og konkret, men likevel ganske djupt, det gjer alt veldig realistisk og med det same trist.
”Den gamle pakt gjeld altså ikkje meir. Alt er framleis Bibelen, og ikkje alt frå Gamle Testamentet ernødvendigvis galt fordi det står i Gamle Testamentet, men det må lesast opp mot det som står i Nye Testamentet, og det som står i Nye Testamentet må kome først og står over det som står i Gamle Testamentet.”
Dette sitatet frå boka, direkte frå Arnfinn Nordbø, seier mykje om det Arnfinn vil fram til. Det han ønskjer å fortelja alle som meinte han har synda. Han gjer det ikkje for å vise hemn overfor dei – men av omsyn til alle andre homofile. Bodskapen i boka er at alle dei fanatiske, konservative kristne ikkje skal ver einige med Arnfinn i alt, men at dei opnar seg for ny kunnskap og vert villige til å høyre på kva andre enn Bibelen har å seia.
Forfattaren er særs flink i å formulere seg og heile vegen halda seg til temaet. Han vippar aldri utfor og mistar aldri konsentrasjonen når han skriv og fortel om historia si, om alle versa i Bibelen og intervjua med dei forskjellige teologane, samtaler med psykologar, universitet i heile verda og Misjonssambandet. Han har kunnskap og visdom om det han skriv om, noko som gjer det lettare å forstå og å leve seg inn i historia hans på ein heilt anna måte. Det at han har særs god vitskap om dette, vil kanskje gjera det lettare for han, i og med at lesaren vil synes at argumenta hans er veldig gode og vil automatisk detta over på hans side?
Boka var over all forventning, både innhaldsvis, skrivemåte og Arnfinn sitt store problem. Den var ikkje slik eg hadde trudd boka skulle vera, eg trudde at det var ein slags roman skreve av ein ny og ung forfattar, slik mange andre nybegynnande forfattarar. Men den var ikkje slik, dette var ein voksen, intelligent skribent som ein gong har vore liten, følsam og med lite sjølvtillit. Og han skriv ei historie som gjer at ein ikkje kan legga i frå seg boka undervegs, ein berre må lese og lese. Og heile vegen undrar eg på korleis det endar. Sjølv om boka ikkje har eit svært høgdepunkt midt i handlinga, men at den går litt nøytralt heile vegen, gjer det ingenting. Berre det at han fortel så opent og ærleg gjer at det er spennande. Eg anbefalar boka på det sterkaste, både om du er homofil, bifil, heterofil, gamal, vaksen, ung osb. Boka vil gi deg noko å tenke på, om livet generelt, for Arnfinn delar meir mellom linjene enn det folk flest trur, han delar eit heilt liv med erfaringar, du må berre vere open nok for det.
Når du les denne boka, kristeleg eller ei, ha eit opent sinn. Vis at dette skal du vere mottakeleg for og dette vil du vita meir om. Det gjer så mykje med opplevinga di som leser. Han vil berre nå fram til dei homofile, men når fram til så mange fleir.